Bilverksted – El og hybrid

Service

Eu-kontroll

EU-kontroll er ein miljø- og sikkerhetskontroll som er pålagt alle bileigarar. Frå det året bilen fyller 4 år, skal den inn til kontroll anna kvart år. Du må sjølv følgja med, og sørgja for at bilen blir godkjent i tide for å unngå begjæring om avskilting. Som kunde hjå får du påminning om når det er tid for neste EU-kontroll.

Me gjennomfører kontrollen til fast pris og kan utbetra eventuelle feil etter avtale.

Her kan du finne ut kva tid bilen din skal på kontroll;

Klima anlegg

Godt inneklima i bilen er viktig. Eit godt vedlikehalde klima-anlegg gir deg ikkje berre god avkjøling i sommarvarmen, men og ein duggfri bil om vinteren. For å sikra klimaanlegget sin funksjonalitet, er det viktig at du jamleg har vedlikehald på anlegget. Effekten blir gradvis svekka og reduserer smørjeevne, samt at ventilar og fordampar kan tetta seg. Me kan hjelpa deg med å kontrollera tettleiken i ditt anlegg og etterfylle olje og gass. Inneklimaet i bilen er viktig både for kjøreoppleving og sikkerheit. Klimaanlegg bør bli reinsa årleg, då det lett oppstår lukt, og samlar seg bakteriar som kan fremja luftvegsinfeksjonar.

4-hjulskontroll

Me utfører hjulstillingskontroll av alle fire hjul. Ved feil hjulstilling gir dette unormal dekkslitasje. Dette er det nå krav fra Biltilsynet ved godkjenning av senkesett.

Diagnose og feilsøking

Har du feilmelding på bilen din, kan me hjelpa deg med diagnose/ feilsøking og utbetring av dette.